Loading... (0%)
bg_1_1

Aktiviteter

 Trening / Konkurranse skyting

Alle er velkommen til å trene på banen vår,
Os Skytterlag tilbyr mulighet for trening, både organisert og på egen hånd.
Vi har trening vanligvis 4 dager i uka,

mandag;    voksentrening med instruktør for de som ønsker.
tirsdag;      ungdomstrening.
onsdag;      voksentrening
torsdag,    ungdomstrening for viderekommende

Alle dager  fra kl 1800.
I perioden oktober –april foregår treningskveldene på innendørsbanen i kjelleren på standplassbygget, mens det fra april til september skytes det utendørs på 100 og 200 meter banene.
Alle banene har elektronisk anvisning, men alle som trener på banen vår betaler en liten avgift til vedlikehold av skiver og utstyr.

Skyteklasser:

I skytesporten har vi medlemmer innanfor eit stort alderspekter. Dei yngste er fra 10 år og dei eldste er runda dei 80. Vi konkurrerer side om side, for å få rettferdighet i premiering er det delt inn i ei rekke ulike klasser.

Jaktskyting

Os Skyttarlag arrangerer jegertreningar  og oppskyting for storviltprøven.

Vi har skyting om måndagane i mai og juni og måndag og torsdag i siste del av august.

Vi stiller med instruktørar som kan rettleia og hjelpa deg på ein god måte.

Jaktmedlemskap i Os Skyttarlag kostar 250,-pr.år.Som Jaktmedlem får du trening og oppskyting til redusert pris samt tilbod om kjøp av ammunisjon til redusert pris.

Eit jaktmedlem kan også kjøpe treningskort og dermed kome på skytebana på vanligetreningsdagar dersom ein ønsker det.

Ein treningskyting hjå oss består i følgande: 10 enkle prøveskot mot enten hjortefigur ,eller vanleg blink. Deretter 5 skot i serie mot hjortefigur (prøve).

for treningsdager; sjå terminlista.

Aspirant

Skyttarane i denne klassen må fylle 10 år i løpet av kalenderåret. Skyttarane kan ikkje vera eldre enn 15 år. Denne klassen er mynta på skyttarar som nett har starta med sporten. Her kan støtte brukast. Det blir skote med salongrifle (kal22).
Premiering til alle.

Rekrutt

Klassen omfattar aldersgruppa 11-13år i kalenderåret. Rekruttane skyt liggande utan støtte og med salongrifle(kal 22).
Premiering til beste 1/3.

Eldre rekrutt

Klassen omfattar aldersgruppa 14-15 år i kalenderåret. Eldre rekrutt skyt også liggande utan støtte, men her kan dei sjølve velga kva dei vil skyta med. Enten salongrifle(kal 22) eller skarpare ammunisjon (kal 6,5). Kal 6,5 vert lite påvirka av vind under skyting på 100m.
Premiering til beste 1/3.

Junior

Klassen omfattar aldersgruppa 16-17 år i kalenderåret. Junior skyt liggande og kneståande. Her skyt stort sett alle med kal 6,5.
premiering til 1/3

Klasse 1

Dette er ein nybyrjar klasse, alle over 16 år kan stilla i denne klassen. Ein skyt 25 skotl iggande på 200m. Dersom dei 3 beste stemna er over ein viss poengsum rykkjer du opp ein klasse.

Klasse 2

Denne klassen skyt same program som junior, berre på

  1. Altså både liggande og kneståande. Opprykk til neste klasse ved 3 stemner over ein viss poengsum.

Klasse 3-5

Desse klassane skyt same program. Her er skyttarane rangert etter tidligare resulatat. Dei beste skyttarane skyt i klasse 5. Skyttarane skyt liggande, kne- ståande og  ståande. Mange av desse skyttarane har du sett på TV sendinga frå Landskytterstemna.

V65

Dette er denyngste vetranklassen. Her skyt dei som er eldre enn 55 år. Dei skyt same program som klasse 2 og junior.

V65

Denne klassen er attende på 100m. Her skyt dei som er eldre enn 65 år. Dei skyt alle skot liggande. Her er det mange skyttarar som skyt svært godt.

V73

Denne klassen skyt heilt likt som V65, men skyttarane må vera over 73 år.

Os Skytterlag_2013_korr_page17_image311

Skyting året rundt

 Skytesporten er ein heilårsidrett. Om sommaren  skyt vi ute på 100m og 200m. På vinterstid skyt vi innandørs på 15m og 50m (miniatyrskyting).  På seinvinter og tidleg vår skyt vi feltskyting utandørs, for dei yngste og eldste klassane på 100 meter og for seniorskyttere på ukjende avstandar.

Utandørs skyting 100m & 200m
Aspirant, rekrutt, eldre rekrutt, junior,V65 &V73 skyt på 100m bana. Normalt skyt dei 25 teljande skot der 250 poeng er maksimal oppnåelig poengsum.

På store stemne, slik som Land- skytterstevne, vert det arrangert ein finaletilslutt. Finalen består av 10 skot liggande. I finalen deltek dei med best poengsum etter dei første 25 innleiande skota.

På 200m skyt Klasse 1-5 samt V55. Dei skyt ulike program som nemnt tidlegare i foldaren.Alle saman skyt her 25 skot teljande som blir innleiande skyting fram mot ein finale.Under finaleskytinga plar det vera mange tilskodarar og god stemning.

 

Miniatyrskyting

Om vinteren, frå oktober til april, føregår det meste av skyte- aktivitetane innandørs. OsSkyttarlag har eigen 15m bane i kjellaren i standplassbygget. Her har vi 8 elektroniske skiver.

Det er miniatyrskytinga som legg grunnlaget for komande utandørssesong, og gjerne årets hovudmål, Landskyttarstemna.

Dei seinare år har minityrskyting verte veldig populært i Noreg. Det er mange store stemner og cupar som blir arrangert i denne perioden. Mykje trening på miniatyrbana resulterer somoftast i gode resultat på 100m og 200m skytinga.

Feltskyting

Om våren, frå mars til slutten av april,er det sesong for feltskyting. Denne skytinga føregår mot figurar av ulik form. Dei klassane som normalt skyt på 100m, skyt også her på 100m. Klassane som normalt skyt på 200m,skyt på mål på ukjent avstand. Dette gjer feltskytinga til ei veldig spanande skyting. Her må skyttaren vera god på avstandsbedømming, god på å korigera for vind og ikkje minst vera god til å skyta.

Feltskyting har deisiste åra hatt ein tilbakegang i antall deltagare. Os Skyttarlag håpar dette vil  betra seg når vi får bygd ei elektronisk feltbane. Ressursane som trengs for å gjennomføra feltskyting vert også betydleg mindre når elektronikk vert inført.

Feltskyting er nok den form for skyting som ligg nærast opp til formålsparagrafen for DFS:

”Det frivillige Skyttervesens mål er å fremme praktisk skyteferdighet innen det norske folk og derved dyktiggjøre det for landets forsvar”.

Os Skytterlag_2013_korr_page17_image308

typiske feltfigurar.

Skytestemner:

åpne stevner

Ofte samlast Os skyttarane seg i 2-3 bilar og køyrer av garde på desse stemna. Dei som er mest ivrig kan skyta 30-40 stemne i løpet av året. Andre likar å finpussa formen for så å delta på dei store stemna som vert arrangert i løpet av sommaren.

Desse stemna er:

Landsdelsstemn(vestlandstemne):

Denne stemna omfattar skyttarar frå Hordaland, Sogn & Fjordane og Møre & Romsdal. Dette er etter LS den største stemna som vert arrangert kvart år.


Samlagstemne

Denne stemna omfattar skyttarar i heile Bergensregionen. Ei svært populær stemne for mange skyttarar.

Krinsstemne

Denne stemna omfattar skyttarar tilknytt lag rundt Bjørnefjord- distriktet (Tysse, Fusa, Sævereid, Hålandsdalen og Os). Eit lite og kompakt stemne med mykje kjende skyttarvener.

Landskyttarstemna

Landskyttarstemna er årets store hending i DFS. Nær sagt alle aktive skyttarar har dette stemnet som hovudmål i løpet avsesongen.

LS er etter Norway cup, det nest største idrettsarrangementet i Noreg med årlig deltaking på mellom 5000-6000 skyttarar.
Landskytterstemna vekslar på å verte arrangert i dei ulike lands- delane. Os Skyttarlag har fleire gongar vore arrangør av land- skyttarstemna, sist i 2002.
Landskyttarstemna er ein stor familiehending, der ofte heile familien deltek, enten som aktive skyttarar eller som heiagjeng for eit familiemedlem.
På LS bur dei ulike skyttarlaga i skyttercamp.Dåsamlastgjerneheile skyttarlaget på same camp og er heile LS-veka ilag. Dette er utroleg sosialt og skapar eit heilt spesielt miljø innad i skyttarlaget.

Kor mange andre idretter konkurrerar ungdom og pensjonistar innanfor samme sport? OsSkyttarlag har gamle tradisjonar for å stilla ein mannsterktropp på LS.Som oftast stillar laget med meir enn 30 skyttarar på LS. Når så mange av desse har med familien plar vi ofte å vera 60-70 mann i skyttarcampen.
På LS blir det tevla i 100m, 200m og feltskyting. NRK har dei seinare åra hatt ei brei dekning a v skytinga. Vinnaren av 200m vert kåra til årets konge eller dronning, avhengig av om ein mann eller kvinne vinn.